Ukens profilerte

Månedens kurs

Skrivekurs på Gran Canaria!

Les mer »

Ukens spørsmål

Hvor ofte leser du lokalavisen?

Hver dag
Noen ganger i uken
Aldri

Utdanning

Fagskulane i Hordaland

Region(er): Østfold, Vestfold, Vest-Agder, Troms, Telemark, Sør-Trøndelag, Svalbard, Sogn og Fjordane, Rogaland, Oslo, Oppland, Nordland, Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal, Hordaland, Hele landet, Hedmark, Grønland, Finnmark, Danmark, Buskerud, Aust-Agder, Akershus
Kategori(er): Universitet/høgskole, Fagstudier, Fagskoler


 Om oss

 

Fagskoleutdanning

Fagskuleutdanning er praktisk og yrkesretta høgare utdanning som byggjar på fullført vidaregåande opplæring/fagbrev.

Ved Fagskulane i Hordaland kan du velje mellom meir enn 20 fordjupingar innan fire ulike fagfelt. Klikk på eit fagfelt og les meir om utdanningstilboda våre og korleis du søkjer på dei.

Tekniske fag »
Maritime fag »
Helsefag »
Marine og grøne fag »

Utdanningane vert gitt som heil-eller deltidstilbod, og har ein varigheit frå eit halvt til to år. Mange av utdanningane har nettstøtta undervisning med fagsamlingar. Dette gjer det mogleg å kombinere arbeid og utdanning.

Fagskulane i Hordaland arbeidar tett med næringane og kommunane i fylket for å utvikle fagskuletilbod som dekkar deira behov for kompetanse.

Årsrapport
Årsrapport 2010 Utdanning for vaksne »

Lenkjer
• Oversyn over godkjente fagskuleutdanningar i Hordaland og resten av landet finn du på www.nokut.no
• Les mer om fagskuleutdanning og opptakskrav på www.fagskoleopptak.no.

 Maritime fag - Bergen & Austevoll



Nye utfordringar og moglegheiter med maritim fagskule!


Fagskulane i Hordaland har tilbod om skipsoffiser utdanning (2 ulike fordjupingar) og petroleumsteknologi (2 ulike fordjupingar). Studietilboda er lokalisert ved Bergen maritime fagskole (BMF), Austevoll maritime fagskule (AMF). alle utdanningane er godkjent av Nokut og fagskulane er sertifisert som "Maritim akademi" av Det Norske Veritas (DNV).

Kort om utdanningane
Utdanningane har eit omgang på 120 fagskulepoeng (2 årig studium), og byggjer på relevant vidaregåande opplæring (fagbrev) eller tilsvarande realkompetanse. Sjølve undervisninga er fordelt mellom førelesingar, prosjektarbeid og arbeid i simulator/laboratorium.

Utdanning Bergen maritime fagskole »
Utdanning Austevoll maritime fagskule »

Korleis søkje maritim fagskuleutdanning
• Søknad skal skje elektronisk på www.vigo.no innan 15. april
• Du må nytte MinID for å søkje studieplass
• Kopi av vitnemål/kompetansebevis/fagbrev skal sendast til den skulen du har som førsteval
• Dokumentasjonen må vere skulen i hende seinast 20 april

Lenkjer og hjelp
Meir rettleiing om korleis du går fram for å søkje fagskuleutdanning på internett finn du i brosjyrane "Hvordan søke fagskoleutdanning på internett" og "MinID".

På nettstaden www.fagskoleopptak.no finner du informasjon og rettleiing kring:
• Søking på web
• Opptaksrutinar
• Opptakskrav
• Dokumentasjonskrav

Les mer »

 Tekniske fag - Bergen & Voss

 

Ta leiarutdanning ved teknisk fagskule!


Fagskulane i Hordaland har tilbod om 9 ulike utdanningar innan tekniske fag og undervisning lokalisert ved Bergen tekniske fagskule (BTF) og Voss tekniske fagskule (VTF). Utdanningane har eit omfang på 120 fagskulepoeng (2 årig studium), og byggjar på relevant vidaregåande opplæring (fagbrev) eller tilsvarande realkompetanse.

Kort om utdanningane
Undervisninga vert gitt som heiltidsstudium over to år eller nettstøtta deltidsstudium over 3 år. Utdanningane gir ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse og tittelen fagteknikar. Ein kan også nytte utdanninga som grunnlag for vidare høgskulestudiar (t.d. ingeniør), eller for å bli faglærar og instruktør i vidaregåande opplæring.

Utdanning Bergen tekniske fagskole »
Utdanning Voss tekniske fagskule »


Korleis søkje teknisk fagskuleutdanning
• Søknad til heiltids- og nettstudium skal skje elektronisk på www.vigo.no innan 15. april
• Du må nytte MinID for å søkje om studieplass
• Kopi av vitnemål/kompetansevis/fagbrev skal sendast til den skulen du har som førsteval
• Dokumentasjonen må vere skulen i hende seinast 20. april

Lenkjer og hjelp
Meir rettleiing om korleis du går fram for å søkje fagskuleutdanning på internett finn du i brosjyrane "Hvordan søke fagskoleutdanning på nternett" og "MinID".

På nettstaden www.fagskoleopptak.no finn du også informasjon og rettleiing kring:
• Søking på web
• Opptaksrutinar
• Opptakskrav
• Dokumentasjonskrav

Les mer »

 Marine og grøne fag - Austevoll & Fusa

 

Akvakultur

Fagskulane i Hordaland har fått Nokut-godkjenning av fagskuleutdanning i Akvakultur, og vil starta opp for fyrste gong 17. oktober 2011!

Utdanninga er utvikla i samarbeid mellom Austevoll maritime fagskule og Fusa fagskule.

Utdanninga har eit omfang på 120 fagskulepoeng (2 årig studium), og vert gjeve som deltidsstudium over 3 år. Undervisninga er organisert med nettstøtta undervisning og fagsamlingar, og er spesielt tilrettelagt for personar som er i arbeid. Utdanninga byggjar på relevant vidaregåande opplæring (fagbrev) eller tilsvarande realkompetanse (røktarar og andre i næringa). Brosjyre om utdanninga »

Utdanning Austevoll maritime fagskule »
Utdanning Fusa fagskule »

Arborist
Fagskulane i Hordaland har fått nokut-godkjenning av den første arboristfagutdanninga i landet. Det er Hjeltnes vidaregåande skule i nært samarbeid med Norsk trepleieforum (NTF), som har utviklet utdanninga.

Arboristfagutdanninga* har eit omfang på 60 fagskulepoeng (1. årig studium), men vert gitt som deltidsstudium over to år med nettstøtta undervisning og fagsamlingar. Utdanninga byggjar på relevant vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.

* Neste opptak til Arboriststudiet er hausten 2012

Utdanning Hjeltnes vidaregåande skule »


Les mer »

 Helsefagskole - Fitjar & Fusa



Deltidsutdanning som gjev nye moglegheiter!


Fagskulane i Hordaland har i år tilbod om tre ulike fagskuletilbod i Bergen med oppstart hausten 2011:
• Psykisk helsearbeid
• Kreftomsorg og lindrande pleie
• Eldreomsorg

Kort om utdanningane
Fagskuleutdanningane innan helse- og sosialfag byggjar på relevant vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse, og har eit omfang på 60 fagskulepoeng (1 års studium), men vert gitt som nettstøtta deltidsstudium over to år med fagsamling ein dag i veka. Kvar utdanning består av 5 modular inklusive ein praksismodul.

Fagskulane samarbeidar nært med kommunane i fylket for å sikre studentane god praksis og best mogleg rammevilkår for å følgje studiet. Drøft gjerne ditt ønskje om å ta ei fagskuleutdanning med din arbeidsgjevar.

Korleis søkje
Last ned søknadsskjema her!
• Skjema skal sendast direkte til skulen
• Ny søknadsfrist er 10. juli
• Kopi av vitnemål/kompetansevis/fagbrev skal sendast til skulen
• Dokumentasjonen må vere skulen i hende seinast 15. juli

Utdanning Lærerstad Bergen »
Utdanning Fusa fagskule »

Lenkjer og hjelp
På nettstaden www.fagskoleopptak.no finner du informasjon og rettleiing kring:
• Opptakskrav
• Dokumentasjonskrav

Les mer »

 Kontakt

Bergen:
Bergen tekniske fagskole
Tlf: 55 33 78 00
E-post: post.btf@post.hfk.no
Internett: www.tekniken.no.

Bergen maritime videregående
tlf: 55 33 75 00
e-post: post.bmv@post.hfk.no
Internett: http://bmv.hfk.no

Austvoll:
Austevoll maritime fagskule
Tlf: 56 18 20 00
E-post: post.fia@post.hfk.no
Internett: http://fia.hfk.no.

Voss:
Voss tekniske fagskole
Tlf: 56 53 22 00
E-post: post.vov@post.hfk.no
Internett: http://vov.hfk.no.

Fitjar:
Fitjar fagskule
TLf 53 45 78 00
E-post: post.fiv@post.hfk.no
Internett: http://fiv.hfk.no.

Fusa
Fusa fagskule
Tlf: 56 58 09 00
E-post: post.fuv@post.hfk.no
Internett: http://fuv.hfk.no.

Hjeltnes
Hjeltnes fagskule
Tlf: 56 53 88 00
E-post:
post.hgs@post.hfk.no

Internett: www.hjeltnes.vgs.no.